Robert Hjelmeseth sluttar i jobben som politioverbetjent i Ulstein og Hareid lensmannskontor. Den 30. juni byrjar han i jobben som ny leiar for etterforskingsavdelinga Ålesund politistasjon, skriv Sunnmørsposten.

Hjelmeseth har vikariert som lensmann både i Stryn og Vestnes, har vore instruktør i avhøyrsmetodikk og teke ein del leiarutdanning.

– Hjelmeseth var den beste søkjaren, seier stasjonssjef Oddbjørn Solheim ved Ålesund politistasjon.