Sunnmøre tingrett har dømt ein mann frå Ulstein til fengsel i 42 dagar, ei bot på 40.000 kroner og tap av førarretten i tre år.

Dette fordi han i februar i år, på dagtid, vart teken på fersken av politiet, i det han var i ferd med å køyre ut frå ein parkeringsplass i sentrum.

Fordi politiet fekk stoppa han, vart køyreturen på berre to meter. Men blodprøva som vart tatt kort tid etter køyringa viste ei promille på 3.36. Dette er ei svært høg promille, og lovverket seier at reaksjonen skal vere vilkårslaus fengselsstraff.