Heile mannskapet på "Wyvern" vart berga, men eit besetningsmedlem frå det nederlandske seglskipet "Wylde Swan" omkom i eit forsøk på å berge "Wyvern".

Skipet, som var med i Tall Ship Races, ligg no på botnen av Østersjøen Det har vore usikkert om det er mogleg å heve den ærverdige skøyta.

Det Ulsteinvik-baserte reiarlaget Island Offshore har saman med FMC Kongsberg Subsea, Aker Solutions, Oceaneering og andre aktørar i oljeindustrien gått saman i eit spleiselag for å få heva "Wyvern".

– Vi ser først og fremst på oppdraget som ein dugnadsjobb for å få "Wyvern" heim til Stavanger, og vil gjere vårt for at Colin Archer-skøyta kan restaurerast, seier viseadministrerande direktør Lyder von der Lippe i Island Offshore.

Island Constructor tek oppdraget

Det er spesialskipet M/S "Island Constructor" som skal utføre hevinga. Skipet er bygd ved Ulstein verft, og vart levert i 2008.

– Fartøyet gjer vanlegvis lett brønnintervensjon på produksjonsbrønnar under vatn på norsk og britisk sokkel, skriv Island Offshore i ei pressemelding.

Når skipet i neste veke er ferdig med eit oppdrag vest av Shetlandsøyane, set det først kursen for Stavanger for å hente ei spesialkonstruert krybbe. Deretter går skipet mot Østersjøen.

– På havaristaden vil det først bli gjort undersøkingar med ein undervassbåt (ROV). Under hevinga skal "Wyvern" lensast, før den blir plassert i krybba om bord i Island Constructor, skriv Island Offshore.

Reparasjonen startar umiddelbart

Tilsette ved museet vil gå i gang med dei første reparasjonane allereie under heimturen. Heile oppdraget skal etter planen vare i ti dagar.

Operasjonen vil ifølgje Island Offshore ikkje medføre kostnader for Stavanger Maritime Museum, som eig "Wyvern".

Ordføraren takksam

– Alle er glade for at "Wyvern" no blir heva og kjem heim til Stavanger. Arbeidet bygger på ein solid dugnad, og understrekar at båten er eit viktig symbol for Stavanger, seier ordførar Christine Sagen Helgø i Stavanger.

Ho er svært takksam for bidraget frå verksemdene som er involverte i hevinga.

"Island Constructor" får oppgåva med å heve Colin Archer-skøyta "Wyvern". Foto: Ulstein verft