Ein regional delplan for den offentlege tannhelsa er i desse dagar ute til høyring i kommunane, med frist for uttale til 26. august. Hareid formannskap skal ha planen på sakskartet i møtet komande måndag - og vi siterer frå saksutgreiinga:
“Planen reknar akseptabel reisetid til klinikken på 60 minutt kvar vei som akseptabel. I tillegg ser ein for seg at ein kan etablere enkle behandlingseiningar t.d. ved sjukeheimar.
I Hareid var det i 2011 1260 menneske med rett til gratis behandling og 2 tannlegeteam. Lokala til tannklinikken på Hareid er også tronge med svært dårleg tilkomst for funksjonshemma.
Planen understreker også behovet for samarbeid med kommunane om førebyggande tannhelse i eit folkehelseperspektiv, og opplæring av kommunalt personale i godt tannstell.
Vurdering og konklusjon:
Sjølv om denne planen ikkje inneheld nokon konkrete vurderingar av kva klinikkar som kan vere aktuelt å slå saman, så legg desse forutsetningane opp til at vi må rekne med at det vil bli vurdert å slå saman tannklinikken i Hareid med klinikkane i ein eller fleire av nabokommunane. Nærleik til tannklinikken har store fordelar for brukarane, men god fagleg kvalitet, stabil bemanning og tenlege lokale med universell utforming er nok viktigare. Det blir jo også eit politisk lokaliseringsspørsmål kvar ein slik felles klinikk skal ligge. Kanskje den kan ligge på Hareid. Dette blir eit politisk spørsmål.”