Tysdag ettermiddag for ei veke sidan var den erfarne jegeren og langskyttaren Knut-Erik Rognes ute for ei ulukke på Ulset som raskt kunne gjort at han ikkje lenger hadde vore blant oss. Vikebladet Vestposten besøkte han på sengeposten på ortopedisk avdeling på Ålesund sjukehus torsdag, der han fortalde kva som skjedde.

– Eg skulle opp i fjellsida på Ulset og setje opp ei stålplate på 1000 meters hald, som eg skulle nytte til skyteblink. Plata veg 50 kilo, så å bere ho opp var ikkje eit alternativ. Eg festa ho fast på lastebrettet framme på ATV-en, slik motorsykkelen ikkje skulle steile, sette meg på og køyrde mi faste rute oppover. Bakken var litt frosen, og eg fekk ikkje like godt tak med hjula som eg gjer på sommaren. Eg kom til eit punkt der eg måtte rygge ned igjen og velje ein litt annan trasé. Eg såg bak, der eg såg ein kant og ei hole nedanfor. Eg rygga meg bak til kanten, og sleppte bremsa for å gasse. Truleg var eg litt for sein med å gasse på, for i neste sekund gjekk eine bakhjulet utfor kanten og ATV-en velta, seier Knut-Erik.

Den 400 kilo tunge motorsykkelen velta rundt i ei rask rørsle, med Rognes på. Like etter stod den på fire hjul igjen, med motoren i gang. Knut-Erik låg på rygg, i hola, like ved sidan av. Det synet som møtte han då han såg mot si høgre skulder berre nokre sekund etterpå, vil han aldri gløyme.

– Eg såg hælen på jaktskoen min vendt mot meg. Høgrebeinet mitt hadde med andre ord blitt bretta opp mot overkroppen min og snudd andre vegen i same rørsla. Instinktivt tok eg tak i beinet mitt og la det ned igjen, seier Knut-Erik.

Hollywood kunne nesten ikkje skapt ei meir absurd historie, meiner Knut-Erik.

– Eg var nok på det tidspunktet så pumpa full av adrenalin, og eg kjende så å seie ikkje smerte. Først då eg blei løfta opp på båra og bore i helikopteret kom det. Det må vere det vondaste eg har kjent i heile mitt liv. Blindtarmen min sprakk for nokre år sidan, og eg trudde det var vondt. Men det kan ikkje samanliknast, seier han.

Blei funnen etter 50 minutt

Historia om korleis han blei funnen er også smått utruleg.

– Eg fekk relativt raskt fiska fram mobiltelefonen frå lomma og ringde 113. Innan kort tid var politiet og brannvesenet på linja samstundes. Eg heldt meg roleg og forklarte dei kvar eg var. Heldigvis blei politioverbetjent og innsatsleiar John Pilskog raskt kopla på, og han kjenner meg frå før. Han visste akkurat kvar eg var, og det gjekk ikkje meir enn totalt 50 minutt etter ulukka før han og ein annan politimann nådde fram til meg oppe i fjellsida. Så kom også ein lege, ambulansepersonell og brannmannskap til staden. Eg kjenner fleire av dei godt. Vi både spøka og flira litt, noko som heilt klart gjorde at eg heldt motet oppe, seier Knut-Erik Rognes.

Redningshelikopter blei rekvirert, og landa like ved. Knut-Erik blei flogen til Ålesund sjukehus. Éin og ein halv time tok det frå han velta til han var framme på Åse.

Større inngrep enn venta

Så blei han lagt på operasjonsbordet. Det blei først førespegla ei operasjonstid på to timar. Men då kirurgane opna låret vart det raskt klart at skadane var meir omfattande enn dei hadde venta.

– Det skulle i staden ta åtte timar. Undervegs mista også spinalbedøvinga effekt, så eg måtte få på maske og leggjast i narkose, seier Knut-Erik.

Han viser fram bandasjen på låret.

– Det var ingen ytre teikn på kva som hadde skjedd, ikkje blod og ikkje noko anna. Så eg måtte opnast opp for at dei kunne sjå kva som skjulte seg i låret, seier Knut-Erik og legg til:

– Då eg hadde kvikna til etter operasjonen fekk eg vite kva som hadde skjedd. Eg blei fortalt at det var snakk om eit brot frå toppen av lårbeinet og opp i lårhalsen, eit anna brot på skrå nedover beinet, og at eg hadde fått kløyvd lårbeinet heile vegen ned til kneet, og pulverisert delar av beinet i mange småbitar. Det måtte med andre ord ha vore eit enormt trykk då dette skjedde. Legane fortel at eg truleg ikkje blei meir alvorleg skadd fordi eg har såpass med musklar i beinet. Det gav derimot problem igjen under operasjonen, og var noko av årsaka til at den tok åtte timar.

Millimeter frå å stryke med

Det som kanskje var mest spesielt for han å høyre etter operasjonen, var kor utruleg heldig han faktisk har vore.

– Det var berre nokre få millimeter frå å gå riktig gale. Hovudpulsåra som går ned til foten kunne blitt kutta av. Hadde det skjedd hadde eg blødd ut i løpet av få minutt. Då hadde eg ikkje vore her i dag, seier Knut-Erik.

Han fortel at legane meiner han kan gå normalt igjen om rundt tre månader, men at det før den tid blir mykje stillesitjing og etter kvart opptrening.

Rognes fortel at han heldt seg så roleg etter ulukka fordi han såg at det ikkje var ytre skadar på beinet.

– Eg var aldri spesielt redd heller. Men det er klart, det var veldig spesielt å oppleve dette. Eg kan i alle fall trygt seie at eg har lært mykje, seier han.

– God respons

Politioverbetjent og innsatsleiar John Pilskog fortel at han er glad for at det gjekk så bra som det faktisk gjorde.

– Han gjorde rett i å ringe 113, og han heldt seg roleg. Så vil eg også gje honnør til alle i naudetatane, som reagerte kjapt, og raskt fekk han til sjukehus. Dette gjekk utruleg nok bra, og det er eg veldig glad for.