Det spørsmålet stilte lokalavisa i festivalteltet under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik laurdag.

Alle som ville vere med og gjette, var med i trekninga av tre 3-månaders abonnement på Vikebladet Vestposten. I abonnementet ligg både papiravisa og tilgang til alt på vikebladet.no.

Til saman 39 personar deltok i konkurransen, og svara sprika frå 218 til 783 år. Og berre for å ha sagt det: viss det siste hadde vore rett, hadde dei tilsette hatt ein gjennomsnittsalder på 112 år.

Då svara vart gått gjennom av marknadskonsulentane Kristin Linge og Rose Mari D. Bjørnerem, var det to svar som fort peika seg ut. Det retta svaret er nemleg at dei sju tilsette i lokalavisa til saman er 281 år. Vegar Fjørtoft frå Ulsteinvik hadde heilt rett svar og får dermed eitt av abonnementa.

Gina A. Gardshol frå Ulsteinvik tippa 282 år, og kan også glede seg over å få tilgang til Vikebladet Vestposten.

Den tredje vinnaren vart trekt, sidan fleire var tre år pluss minus frå rett svar. Irene Lovise Johansen frå Hareid gjekk sigrande ut av trekninga, ho tippa 278 år.

Vi i Vikebladet Vestposten takkar alle som var med i konkurransen, vi gratulerer dei tre vinnarane og ønskjer dei velkomne som abonnentar!