Ein mann frå Hareid er tiltalt for vald og trugslar mot ei kvinne på Skateflukaia i Ålesund.

Mannen, som er i slutten av 50-åra, skal ha slått kvinna med ein plastpose med innhald ein tysdagsmorgon i februar.

Samstundes skal han ifølgje tiltalen ha sagt at han skulle drepe henne med øks, eller liknande.

Han er også tiltalt for å ha uroa fred og orden ved at han ropte fleire skjellsord til kvinna.

Saka mot mannen skal behandlast i Sunnmøre tingrett 12.oktober.