Mykje har endra seg på Alvestadkaia, Ytre Hareid, sidan dette fotoet var teke, truleg sommaren/tidleg haust 1969.

Dessverre er det inga ferje med på bildet, men bilane som står oppstilte ventar truleg på bilferja «Møringen», som trafikkerte sambandet Hareid-Ålesund fram til sambandet vart lagt ned rundt 1970. Då vart ferjekaia flytta til midt-Hareid og den nye bilferja gjekk over til å pendle mellom Hareid og Sulesund.

Men her er vi altså på Alvestadkaia. Ole-Bjørn Alvestad, fødd og oppvaksen nettopp ved Alvestadkaia, meiner å hugse at «Møringen» kom på sin første prøvetur til Hareid like før jonsok 1962. Då var han saman med ein gjeng gutar i ferd med å lage jonsokbål litt oppe i bakkane, og dei kasta alt dei hadde i hendene for å springe til kaia då «Møringen» kom seglande inn. Dei av oss som hugsar «Møringen» som ei stor ferje, får seg nok ein stuss når vi får vite at ho tok berre tretti bilar …

Vi ser også klokka som urmakarmeister S. Gaustad sette opp ved ferjelemmen for å profilere verksemda si. Han etablerte seg først i huset til Reidar Bigset før han  flytta inn i huset til Rudolf Andersson nærare sentrum. I dag er begge desse husa rivne. Ole-Bjørn har også merka seg at lodda på vippelemmen har rust på seg. Dei første lodda var for lette, og det måtte derfor leggast på jarnplater.

Johs. Klungsøyr har hjelpt oss med bilane: Den raude lastebilen er ein Ford Thames Trader frå ca. 1963. Johan Røyset og Elias Skeide var visstnok dei einaste som hadde slike raude bilar på øya. Frå venstre kan vi skimte nasa til ein Volda 140 (1969-71), så er Schimmel-bilen ein Fiat, som truleg har levert piano til nokon på Hareidlandet. Deretter følgjer Herregårdsvogna til Volvo Amazon (1960-67), ein Fiat 1500, ein Volvo Amazon Favoritt (1960-67), så ein lekker Ford Taunus 17M (1965-66), som i alle fall Bård Bigset hadde ein av, så ein Ford Taunus 12M og ein Opel Record (1963-65-modell). Den gule brusbilen som det står «Solo» på, er ein Mercedes. Kanskje er det Lidvar Ulstein som er sjåfør?

Ute på vika skimtar vi ein lekter. Småbåthamna på indre Hareid var under mudring i 1969, og lekteren er truleg på veg ut på djupet med sand.

Jenta på sykkel med raud anorakk og lyst hår er truleg Vigdis Teigene, seinare gift Bjåstad.