– Vi har lyst til å gi litt tilbake til regionen. Det er mange som har bidrege til at vi er der vi er i dag, er forklaringa visekonsernsjef Tore Ulstein kjem med når vi spør kvifor dei byr inn til gratiskonsert i dokkhallen med artistar som Madcon, Sigrid, Cezinado og mange fleire.

Vemod

Men toppleiinga i Ulstein Group vedgår at for dei personleg har feiringa også ei vemodig side.

– Vi skulle ønske at foreldra våre kunne vere med på feiringa. Det er nokre år sidan faderen døydde, men vi hadde trudd at modern skulle få vere med, seier Gunvor Ulstein.

Modern, Marit Krohn Ulstein, døydde brått og venta for to månader sidan .

– Ho var ein utruleg god støttespelar for far vår, men også for oss barna. Ho var veldig til stades i familien. Både modern og faderen var opptekne av at vi skulle reise ut og få utdanning, men medan faderen ville vi skulle kome raskt heim att til Ulsteinvik, meinte mor vår at det var viktig at vi fekk lære om andre kulturar, språk og mellommenneskeleg forståing, seier Gunvor.

– Ja, og så var ho ein god lyttar. I familien vår er det mange som er glade i å prate. Når eg i barndomen kom heim frå skule, full av inntrykk, var ho der og lytta, legg Tore til.

Tredje generasjon

Gunvor og Tore Ulstein er tredje generasjon skipsbyggjarar. Dei kom inn som toppleiarar i Ulstein i 1999, og skal bere arven vidare etter Inga og Martin Ulstein og Marit Krohn og Idar Ulstein.Tidlegare enn dei hadde rekna med, vart eldstegenerasjon.

Dei er oppvaksne i ein søskenflokk på fem, og måtte tidleg take del i både husvask, hagearbeid og vere med på verftet.

– Eg traska nede på verftet frå 5–6 årsalderen, og då vi var 16 år fekk vi lov til å jobbe ute, så vi fekk tidleg eit forhold til verftet. Den bakgrunnen, at vi veit korleis ei bedrift fungerer, har vore god å ha med seg, kommenterer Tore.

Forvalte, skape og spare

Farmora deira, Inga (fødd Knivsflå) har blitt legendarisk for replikken sin; «hugs det er borga gods». Ein replikk ho skal ha sagt til borna sine om verdiane dei sat på. Er det noko som de som tredjegenerasjon tenker på?

– Å ja. Medan faderen var sjuk fekk vi Oddgeir Bruaset til å intervjue han. Der seier han blant anna at han aldri har møtt nokon som har kunna kjøpt seg ut av døden. Medan vi er her på jorda må vi vere med på å forvalte det vi har fått frå neste generasjon, og slik tenkjer vi som er i leiinga no også. Vi skal forvalte, skape meir enn vi brukar – og spare litt til dårlegare tider, kommenterer Tore. Og Gunvor legg til:

– Vi har lært mykje om nøysemd, og at det er viktig å stå på før vi kan nyte. Og vi veit at det er temmeleg liten avstand mellom suksess og fiasko.

– Verdifundamentet vi har fått med oss heimanfrå er at vi alle skal yte vår skjerv. Faderen var svært oppteken av kor gøy det er å få vere med på å skape, få til ting, både i bedrifta og i samfunnet. Han formidla skaparglede og at det var viktig å take del i samfunnet. Eg vil påstå at han ikkje var oppteken av pengar i seg sjølv, men kva som kan skapastmed pengar.

Verdiar vart gjort synlege i 1999

Både Gunvor og Tore meiner det skjedde noko då Ulstein vart selt til Vickers i 1999, og seinare til Rolls-Royce.

– Verdiar som var skapt gjennom generasjonar vart synleggjorde, og mange lurte på kva pengane skulle brukast til.

– Vi har brukt mykje av midla til å bygge kaier, dokkhall, kjøpe kraner og skape arbeidsplassar. Men også Eiksundsambandet, Ulsmohallen, Ulstein Arena, Miljøgata og «trekantsaka» er prosjekt som vart moglege fordi folk var villige til å investere både tid og pengar. Det har kome Ulstein kommune til gode, påpeikar dei.

Eigar i både gode og vanskelege tider

Å vere eigar betyr ikkje at alt veks. Vi er eigarar både i gode og vanskelege tider, seier Tore.

Gunvor legg ikkje skjul på at Ulstein no er inne i ein heller vanskeleg periode. Ho kallar det ein omstillingsperiode. I fleire tiår har Ulstein satsa sterkt på offshore. No må det satsast på andre segment. Cruisebåtar, vindkraft og RO-Pax-ferjer til dømes.

– Vi kan ikkje vere gode på alt. Det er viktig å vere innovative og spesialisere seg. Vi må velje ut nokre område der vi kan vere blant dei beste i verda. Det er som med idretten, du kan ikkje bli best i både kule og 400-meter hekk.

Jobbar knallhardt

– Vi jobbar knallhardt kvar einaste dag med å sikre oss nye kontraktar. Det er dyrt for bedrifta å ikkje ha full kapasitetsutnytting. Men vi må stelle oss til marknaden. No omstiller vi oss, og det tek både tid og kostar pengar. Vi kan ikkje sitje å vente på at olje- og gass skal kome til bake, slår ho fast.

Å intervjue Tore og Gunvor utan at dei kjem inn på formuesskatten, er nærast umogleg.

– Formuesskatten tappar bedriftene for pengar vi skulla ha brukt til å utvikle til dømes nye design, som igjen sikrar arbeidsplassar. Det burde vere fritak på arbeidande kapital, seier Tore.

Dette er Gunvor heilt samd i, men ho understrekar at dei ikkje har noko imot å betale skatt. Å betale skatt på utbytte synest ho er greitt.

Aktivitet også om 100 år

– Når vi spør dei om dei trur det vil vere verft i Ulstein kommune om 100 år, svarer Tore slik:

– Her vil i alle fall vere aktivitet knytt til havrommet. Havet dekker store deler av jordkloden. Det er eit enormt behov for ressursane i havet, og det trengst verktøy for å utnytte dette. Også det handlar om å vere tilpassingsdyktige. Ny teknologi og digitalisering vil kome til. Vi vil misse ein del arbeidsplassar, men nye vil kome til. Arbeidskrafta må vere villig til å oppdatere seg. Omstilling er ein kontinuerleg prosess.

Må tene pengar for å overleve over tid

I skrivande stund har Ulstein ikkje nok kontraktar til å gå med overskot. Likevel ser altså Gunvor og Tore på Ulstein som ein vital 100-åring.

– Vi har vore opptekne av å tene pengar på prosjekta våre, slik at selskapet har pengar på bok når dei dårlege tidene kjem. Skal ei bedrift overleve over tid, må ho tene pengar. No er vi inne i ein periode der vi taper pengar. Heldigvis har vi lagt pengar til sides til vanskelege tider. Håper vårt er at vi i løpet av 1–2 år har klart å snu om bedrifta. Vi sit med begge hendene på rattet. Likviditeten er framleis fornuftig, og Ulsmo er ein majoritetseigar som forstår at vi verkar i ein syklisk bransje, seier Gunvor og Tore Ulstein.