– Det vert vanskeleg å velje ein vinnar, men det er bra, smiler juryleiar Erling Lae.

Juryen fekk inn over 80 framlegg på kandidatar til denne prisen. Den er ei vidareføring av det som før heitte Statens Byggeskikkpris, og den vert delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Seks bygg vart med i synfaringsrunden. No skal tre av dei verte nominerte til finalen.

–Fram til no har vi sett på tre bygg, og eg kan bekrefte at alle tre framleis er spennande, seier Erling Lae etter omvisinga i Ulstein Arena.

Tidlegare har dei besøkt Moholt studentby i Trondheim og Campus Kronstad ved Høgskulen i Bergen. Fredag gjekk turen vidare til tre bygg i Oslo. I år er fortetting eit moment som vert spesielt vektlagt i konkurransen.

– Eg synest Ulstein Arena er eit modig prosjekt som tilfører mykje til Ulsteinvik, seier Lae som er her for første gong.

Arkitekten

Sivilarkitekt Espen Pedersen frå Lund+Slaatto Arkitekter leia omvisinga saman med representantar frå Ulstein kommune. Dei byrja med å sjå bygget utandørs før dei kom inn i biblioteket.

– For oss var det viktig med nærleiken til gata. Biblioteket må vere synleg ut mot byen, seier Espen Pedersen.

Samstundes skal ein dyrke fram ei stemning der folk har lyst til å vere.

– Vi har lagt vekt på at det skal vere dempa akustikk slik at det skal vere godt for alle å vere her, fortel han.

Universell utforming har også vore eit viktig stikkord i arbeidet med bygget. Når ein kjem inn i biblioteket, skal det vere lett å ta heisen for å kome seg vidare til badeanlegget.

Fargebruken

Arkitektane har valt å bruke varme fargar innandørs sidan det ofte kan vere grått vêr ute på våre kantar.

– I starten var vi var litt skeptiske til at det skulle vere så mykje oransje fargar sidan nokre då tenkjer på fotballklubben i Ålesund. Vi skulle vel aller helst hatt Hødd-blå, men vi innsåg at arkitektane hadde rett i at oransje var eit lurt fargeval, seier kultursjef Leif Ringstad med eit glimt i augo.

Han fortalde om bruken av Ulstein Arena og korleis dei har invitert med ulike grupper til å kome med innspel. Eit eksempel på dette er Klivrelaget og bruken av Klivrehallen.

– Det transparente er også ein viktig kvalitet i bygget. Dei som er i hallen, kan sjå dei som klatrar og omvendt. Dei som er ute i gatene, kan også sjå at det er aktivitet i bygget, fortel Ringstad.

Juryen var innom Ulsteinbadet der fleire var i bassenga. Dei fekk også høyre historia om då Oslo gospelkor kom på besøk til Ulstein Arena. Flyet var forseinka, og 800 gjestar stod klare til å gå inn i hallen for første gong. Dirigenten vart førebudd på at dei skulle ha konsert i ein idrettshall, men etter konserten konkluderte han med at dette også var ein konsertsal.

Vinnar vert kåra i oktober

I midten av september vert det avgjort kva for tre finalistar som er med i finalerunden. Den 31. oktober vert prisen delt ut i Oslo av kommunal – og moderniseringsminister Monica Mæland.

–Vi kjem til å vurdere både kva slags særlege kvalitetar bygga har, og kva andre kan lære av måten prosjekta er gjennomførte på, seier Lae.

Mot slutten av omvisinga spurde juryleiaren arkitekten om kva som er dei viktigaste råda han kan gje til andre kommunar som vurderer å starte på liknande prosjekt.

– Gjer det same forarbeidet som Ulstein kommune gjorde. Ein treng ein robust idé om kva ein vil ha og ein god kontekstuell analyse. Gje tillit til arkitekt og dei som jobbar med prosjektet. Sist, men ikkje minst: Det er viktig å vere litt leiken, fortel Pedersen.