Guttorm Osnes (56) er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik. Han var ein kløppar til å teikne alt på barneskulen, og han har livnært seg som grafisk designar, blant anna i Se & Hør. Men teikninga har følgt han heile livet, og portrett har vore ein av dei store spesialitetane hans.

Men dei fleste kunstnarar likar å fornye seg, og for nokre år sidan flytta Guttorm til Sverige for å gå på privatskulen The Florence Academy of Art. Ei treårig utdanning, der Guttorm var den desidert eldste av dei 27 elevane i klassa.

– Det syntest eg var heilt greitt. Vi som er komne litt opp i åra har godt av å vere meir saman med ungdomen, smiler han.

The Florence Academy of Art har sitt utspring i Firenze, og vart starta av Daniel Graves på 1990-talet, og har forgreiningar i Göteborg og New York. Skulen er basert på læring av klassisk, figurativ målekunst, og blant favorittane til Guttorm er kunstnarane Loen Bonat, Ilja Repin, Krøyer, Rembrandt og Sargant.

– Etter at moderne kunstformer har fått regjere over lang tid, trur eg publikum snart har gått lei og ønskjer seg naturalistiske motiv på veggene, kommenterer han.

Intense skuleår

– Dei tre skuleåra var intense. Vi jobba både morgon og kveld, og i helgane. Fordi sjølve teikninga og teknikken er så viktig, er det mest blyantteikning første skuleåret. Deretter gjekk vi gradvis over til kolteikning og vidare til olje. Der var fem lærarar som bytta på å kome med kritikk av arbeida vi stod og laga. Og dei var strenge. Halve dagane teikna og måla vi med levande modellar framfor oss. Eg trudde eg kunne å teikne før eg starta på skulen, men også der viste det seg at eg hadde mykje å lære. Og med modellar utan klede lærar du så mykje om anatomi, om hud, lystonar og form. Eg er nok litt nerdete av type, for ei av teikningane jobba eg med i over 100 timar. Å male med olje har gitt meg ein ny dimensjon. Eg har lært meg å bruke sansane meir, eg ser ting på ein ny måte. Når eg går ute i naturen ser eg etter lyset på ein anna måte enn før. Skulen opna opp noko nytt i meg, fortel han.

Sju oljemåleri frå Flø

Etter at dei tre skuleåra i Sverige var over, busette Guttorm seg på Bjørkelangen, ikkje så langt frå Fetsund. Men han må tilbake til Sunnmøre med jamne mellomrom, og i fjor haust leigde han ein periode huset til Jan og Astrid Roppen på Flø. Og i sommar kom han tilbake for å fange nye motiv frå Sunnmøre.

Utstillinga under Trebaatfestivalen blir på Quality Hotel Ulstein, og tel ca. 45 bilete i store og små format.

– No jobbar eg heime i leilegheita mi, og når bileta er store flyttar eg inn i stova. Det største blir på 90x75 cm og er måla i båthamna på Flø. Til saman trur eg at eg kjem til å stille med 6–7 bilete frå Flø.

Guttorm likar framleis godt å lage portrett. – Men eg likar å variere, eg vil ikkje låse meg i ein sjanger. Med på utstillinga blir også nokre kolteikningar med dyr og fuglar.

Dei siste åra har han livnært seg som kunstnar, men har ikkje gjennomført meir enn ei utstilling per år.

Litt fattig, men rik likevel

– Enkelte spør meg om eg klarer å leve av det. Då svarer eg at eg har i alle fall ikkje døydd av det. Men det går ikkje akkurat i pluss. Drivkrafta mi er å tenke langsikte, og håpe på at det skal gå i balanse etter kvart. Eg er litt fattig, men rik på ein annan måte, smiler han.

Utstillinga under Trebaatfestivalen er ei salsutstilling, og prisane varierer frå 2500 til opp mot 26.000 kroner.