Ifølgje Aftenposten har direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Noreg invitert til møtet i august for å ytterlegare styrkje det faglege samarbeidet mellom sjukehusa og fastlegane. Bakgrunnen er eit fem siders dokument som NFA-leiar Petter Brelin har sendt til dei fem regionale helseføretaka der han har sett på korleis det har seg at arbeidstida til allmennlegane i Noreg har auka med rundt sju timar i veka på fire år. Brelin meiner ei klar hovudårsak er at fastlegane nærmast er blitt sekretærar for sjukehusa.

– Vi får ikkje berre fleire medisinske oppgåver, men også andre oppgåver, seier han til avisa.

Han ramsar opp eksempel på oppgåver sjukehus og fastlegar deler på, der ansvarsforhold bør tydeleggjerast slik at ikkje fastlegen blir sitjande og ferdigskrive for eksempel sjukmeldingar for tid pasientar har vore på sjukehus, transportrekvisisjonar og uferdige reseptar. Uferdig behandla pasientar blir også sende til fastlegar for undersøkingar, med alt det arbeidet det kan medføre.

Helseminister Bent Høie (H) skal ha tatt kontakt med helseføretaka umiddelbart etter at han fekk nyss om dokumentet.

– Når fastlegane seier at dei må gjere oppgåver som ikkje høyrer til dei, må vi høyre på dei, seier statsråden.