Heltne kjem til å kombinere rolla si som hovudtrenar for Ørsta sitt herrelag og spelar for Hasundgot i 6. divisjon den komande sesongen.

Etter mange gode, og nokre skadeplaga år i Hødd – både i aldersbestemt fotball og på A-laget, er altså Vegard Heltne heime igjen der han starta.

Det var i fjor haust at 28 år gamle Heltne fortalde at han gav seg som fotballspelar på toppnivå for Hødd, men moderklubben hadde eit håp om at han kunne signere for dei, og gjere comeback i kvitt og raudt.

Som Hasundgot skriv på sine nettsider har cupmeisteren frå 2012 vore delaktig i to treningskampar for sin «nye» klubb, mot Hødd 3 og Vanylven, der han har styrt forsvaret frå ein midtstopparposisjon.

Fleire inn

Men det er ikkje berre Heltne som er på plass på A-laget framfor den komande sesongen. Joakim Sundgot Gustavsen og Tobias Skotheim er nye inn, og Trond Haugland gjer comeback. Så kan klubben også røpe at ein berre er signaturane unna å få inn ytterlegare to spelarar.