To huseigarar på Hareid har kontakta politiet, etter at ein mann har vore inne i garasjane deira.

Den eine huseigaren tok mannen på fersken då han prøvde å stele verktøy.

Ifølgje politiet var mannen mørkkledd og hadde med seg ein svart hund.

Han stakk frå staden då han vart oppdaga.