Linn Urke Osnes sluttar som kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, SSR.

Stillinga er no lyst ut på heimesidene til reinhaldsverket.

- Rolla som kommunikasjonsansvarleg er viktig for SSR og eg trur mange kan tenkje seg å søkje. Det er ein veldig spennande jobb, seier Osnes til Vikebladet Vestposten.

Ho starta i jobben 1. april 2015. Sluttdatoen er 1. august og ho har allereie planane klare:

- Eg skal ha meir tid til å drive Yogano, så skal eg tilbake til å vere lærar. Det er det eg likar aller best. Eg skal jobbe på ungdomsskulen neste år. Eg ser fram til meir tid med familien, seier Linn Urke Osnes.