– Det er vanskeleg for meg å uttale meg om enkeltsaker, men det er sjølvsagt beklageleg at folk ikkje er nøgde med tilbodet dei får gjennom Hareid kommune. Eg på mi side meiner tilbodet er bra, med tanke på kva ein har tilgjengeleg av ressursar, seier leiar i levekårsutvalet i Hareid, Ottar Røyset (H).

- Får konsekvensar

Det var i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten at Gunnar Øvrelid fortalde om hans protest mot demensomsorga i Hareid kommune. Han henta heim kona Anne-Lise frå skjerma avdeling, fordi han meinte ho ikkje fekk tilbodet ho bør få.

– Hareid kommune er på ROBEK-lista, og vi er pliktige til å jobbe oss ut av den. Økonomien er difor det den er, og det vil naturlegvis få konsekvensar for tenestetilbodet. No har vi gjort fleire grep, og vi håpar difor at vi er ute av ROBEK om få år. Då har vi igjen sjansen til å nytte meir pengar på område som skal prioriterast, seier Røyset, som samstundes vil skryte av arbeidet dei tilsette ved skjerma avdeling gjer.

– Dei gjer ein kjempejobb, og står på for å gjere bebuarane sin kvardag best mogleg, i forhold til dei økonomiske rammene. Om det er noko som kan forbetrast, så er det aktivitetstilbodet. Der gjer mange frivillige og pårørande ein god jobb i dag, men vi håper at kommunen om kort tid kan vere med med meir, slik vi kan gi eit betre tilbod. Ting er på gang slik som sansehage og demensskulering.

– Dårleg økonomistyring

Perny Ann Nilsen (Frp) meiner saka om ekteparet Øvrelid er nok eit trist eksempel.

– Det er jo diverre ein realitet. Det er stor satsing på skule kontra omsorg i kommunen. Det er ingen tvil om at dei tilsette gjer det beste dei kan, men dei har for lite ressursar til å kunne gjere endå meir.

Nilsen meiner kommuneleiinga ikkje god nok økonomistyring.

– Vi klarer ikkje å halde oss på sporet vi ser føre oss under budsjetthandsaminga i desember. Vi har for dårleg styring med økonomien i kommunen.