Sunnmøre Politikammer har fått brikkane på plass når det gjeld organisering av driftseininga på Søre Sunnmøre. Dermed blir den ledige lensmannsstillinga for Herøy og Sande lyst ut, skriv Vestlandsnytt.

Lensmannen i Herøy og Sande får ansvar for sivil rettspleie.

Lensmannen i Ulstein og Hareid får ansvar for ordenstenesta.

Lensmannen i Ørsta og Volda får ansvar for etterforsking.

Politimeister Jon Steven Hasseldal seier til Vestlandsnytt at utlysinga stadfester at Herøy og Sande framleis er å sjå på som eitt lensmannskontor. Reduserte opningstider og deling av lensmann med Hareid og Ulstein har fått folk til å stusse på framtida til lensmannskontoret i Herøy og Sande.

I løpet av sommaren får driftseininga Søre Sunnmøre tilført fem nye polititenestefolk. Dette vil føre til fleire på jobb i helgane og meir tid til førebyggjande arbeid.