To menn frå Litauen er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i åtte månader. Dei skal også betale sakskostnader til staten.

Bakgrunnen for dommen er at dei to i juni i år vart stoppa av politiet under ein kontroll i Rauma. Dei to i bilen opplyste då at dei var på veg heim til Litauen.

Ettter ein nærare kontroll i bilen oppdaga politiet ei eske merka "Hareid Rør og Interiør" som låg i ein plastsekk.

Etter nokre telefonar fekk politiet vite at selskapet på Hareid vart fråstole diverse verktøy.

Blant utstyret i bilen var blant anna ei motorsag, spikarpistol, ein radio, boremaskin, kompressor og grasklippar.

"Oppdrag" på Hareid ferjekai

Under rettssaka forklarte dei to at dei ikkje var kjende med at utstyret var tjuvgods. Dei hevda at dei reiste frå Litauen 4. jui 2014 og at dei skulle til Ålesund for å finne seg arbeid. Begge forklarte at dei på ferjekaia på Hareid vart oppsøkte av nokre menn som spurte om dei kunne ta med seg noko utstyr heim til Litauen.

Men retten festa ikkje lit til forklaringa.

Begge mennene er uføretrygda, og retten konkluderte med at forklaringa verka oppkonstruert.

Dei to mennene har site i varetet i 124 dagar, og desse dagane blir trekt frå straffa på 8 månader.