Elevar frå Ulsteinvik ungdomsskule gjer ein fargerik innsats for biblioteket.

Dei gamle okergule veggene er vekk. I deira stad spring fargar ut frå dei lysmåla veggene.

Elevar frå valfaget «Innsats for andre» er i sving ved Ulstein folkebibliotek for å få liv i veggane i fantasirommet.

– Dei er så flinke, både til å teikne og måle. Eg trur dei elskar det, seier lærar Annmari Skeide om elevane Agnes Bohinen og Julie Andersen.

Kjekkare å male

Dei to elevane er i full gang med å dekorere veggene i rommet som dei har fått pusse opp frå golv til tak.

– No blir det så mykje lysare og trivelegare, slår biblioteksjefen Ann-Mari Harkjerr fast.

Lærar Annemari Skeide var den som tok initiativet til å få i stand noko saman med biblioteket.

– Eg har prøvd å finne spanande mogelegheiter, og spurde Ann-Mari om ikkje vi kunne få lov å lage noko her.

Dei to 14-åringane som svingar målarkostane på biblioteket ser ut til å trivst med det.

Er det like kjekt å måle som å ha matteprøve?

– Nei, det er kjekkare å måle, smiler Agnes og Julie.