Sunnmøre politidistrikt melder laurdag at ein campingbil som stod parkert i Hareid tok til å brenne i løpet av natta.

- Det var ingen personar i bilen, og ingen personskade, seier Arild Reite ved operasjonssentralen.

Politiet melder at det derimot var ein del skader inne i bilen. Politiet har undersøkt staden og opprettar sak.

I Fosnavåg måtte politiet ta hand om ein mann i 20-åra som laga problem ved ein utestad. Han hadde også knust ei bilrute like ved, og vart vist vekk frå staden av politiet, som vil opprette sak på hendinga.