Benjamin Franklin (1706-1790) var ein av leiarane for den amerikanske revolusjonen. I tillegg til dette var han gjennom sitt mangslungne yrkesliv journalist, forfattar, filantrop, vitskapsmann, oppfinnar og diplomat. I 1743 grunnla Franklin American Philosophical Society (APS), som i dag er ei prestisjefylt kunnskapsforeining i USA, og den eldste.

Førre helg blei Edvard og May-Britt Moser, frå høvesvis Hareid og Fosnavåg, valt som nye medlemmar av denne foreininga. Moser-paret var dei einaste to internasjonale medlemmane som blei valt i klassa for biologi.

Eit slikt medlemsskap gjenspeglar ekstraordinære intellektuelle prestasjonar, og foreininga vel medlemmar i fem klasser: samfunnsvitskap, biologi, matematikk og fysikk, humaniora og kunst og yrkesutøving og leiarar i offentleg og privat verksemd.

Nobelprisvinnarar i medisin

Ekteparet Moser vann i 2014 Nobelprisen i fysiologi eller medisin. Professor Edvard Moser er til dagleg leiar for Kavli Institute for Systems Neuroscience ved NTNU og professor May-Britt Moser er direktør for Centre for Neural Computation ved NTNU.