Netthandelen i Norge auka med heile 14 prosent frå i fjor til i år. Det skriv Statistisk sentralbyrå på sine nettsider.

I første halvår i år selde dei norske netthandelbutikkane varer for totalt 9,5 milliardar kroner. Elektriske hushaldningsartiklar, mat og meir spesialisert vareutval bidreg spesielt til veksten.

Det blei totalt sett handla detaljhandelsvarer for 230 milliardar kroner i første halvår av 2017, viser statistikken frå Statistisk sentralbyrå.