Ei kvinne busett på Ytre Søre Sunnmøre er dømd til  betinga fengsel i 45 dagar, med ei prøvetid på to år.

Kvinna har tilstått, og ho er åleine om omsorga for borna. Ei ubetinga fengselsstraff ville derfor ha råka barna, meiner Sunnmøre tingrett.

Slo med tresleiv

Kvinna, som er av utanlandsk opphav, har forklart at ho slo sonen si to gongar med lette slag, og ein gong med ei tresleiv. I tillegg har ho fika til han fleire gongar på hand og rumpe.

I retten forklarte kvinna at episodane har med kulturforskjellar å gjere. Ho er sjølv vand til slikt frå heimlandet sitt, men forstår no at det er feil.

Kvinna forklarte at tresleiva var eit kjøkkenreiskap som vart brukt til matlaging, og at episoden skjedde ein gong begge borna hennar kom springande inn på kjøkkenet og kangla.

Den gongen ho brukte tresleiva fekk sonen vondt, og han gret også ein gong ho slo han med handa.

Den siste episoden skjedde etter at kvinna hadde fått beskjed tre gongar om at sonen var vanskeleg på skule. Ho var usikker på om guten gret fordi han fekk vondt, eller fordi også mora gret og var sint.

Kvinna har også slått dottera si to gongr med lette slag, og ein gong med tresleiv.

Bakgrunnen for desse slaga var den same som for sonen, men kvinna har forklart at dottera på ingen måte er så vanskeleg som sonen. Jenta har ikkje problem på skule, men søskena kranglar.

Kvinna meinte episodane har skjedd fordi ho ikkje har hatt nok kjennskap til korleis ho skulle oppdra borna sine. I retten beklaga ho dette, og forsikra at det aldri skulle gjenta seg.