Rapport frå juli månad viser at 93 personar er arbeidslause i Ulstein kommune. Dette utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Førre månad låg talet på 1,5 prosent, alstå 29 færre enn i juli.

- Juli er ein månad som vanlegvis har høgare arbeidsløyse, mellom anna på grunn av at mange fullfører utdanninga si før sommaren, og vi ventar at den faktiske arbeidsløysa vil gå noko ned dei neste månadane, seier Ørjan Haram, assisterande fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

I fjor på same tid låg arbeidsløysa på 2 prosent, så den går med andre ord litt opp i kommunen. Kjønnsfordelinga er nesten lik, men på herresida er det éin meir arbeidslaus.

I Hareid gjekk arbeidsløysa frå 2,5 til 3,8 prosent i juli. 100 personar er no arbeidslause i kommunen, fleirtalet er kvinner som utgjer 54 av dei. Samanlikna med same tid i fjor går arbeidsløysa derimot ned frå 4,4 til 3,8.

Fylket

Figurane for sesongjustert utvikling av arbeidsløysa i Møre og Romsdal viser ei lita auke det siste året og også ei lita auke den siste månaden. Figuren som viser utviklinga etter år 2000 fortel oss at arbeidsløysa i år likevel har vore ganske stabil.

I juli 2013 er det 3 103 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 5,9 prosent frå same månad i fjor.

I juli 2013 har vi 401 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 19 fleire enn i juli 2012. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 504 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 2,2 prosent for menn.

I landet er det 74 620 heilt ledige. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 4,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.