Samanlikna med tredje kvartal i fjor, er talet legemelde sjukefråvær i Hareid kommune redusert med 0,4 prosentpoeng frå 6,0 til 5,6 prosent.
I Ulstein kommune går statistikken andre vegar, med ei auke i sjukefråværet med 0,3 prosentpoeng frå 4,1 til 4,4 prosent.
Naboane reduserer mest
Trass i Hareid sin nedgang, er det kommunane Herøy og Sande som har størst reduksjon samanlikna med same kvartal i fjor.
Herøy har redusert sjukefråværet med 1,0 prosentpoeng frå 6,6 til 5,6 prosent.
Sande reduserer med 0,6 prosentpoeng frå 4,7 til 4,1 prosent.
Blant dei fem beste
Legemeld sjukefråvær i Møre og Romsdal var 5,5 prosent ved utgangen av tredje kvartal 2012, noko som er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå tredje kvartal 2011.
Dette gjer at fylket er blant dei fem fylka i landet med lågast sjukefråvær, ein framgang av frå sjuandeplassen dei hadde i 2011.
Sjukefråværet for kvinner har gått ned 7,6 til 7,2 prosent frå tredje kvartal i fjor til tredje kvartal i år, medan det legemelde sjukefråværet blant menn har gått ned frå 4,4 til 4,2 prosent i same periode.
Landet har hatt ein samla nedgang på i legemeld sjukefråvær på 0,2 prosentpoeng siste året frå 5,7 til 5,5 prosent.