Eit køyrande vitne opplyser til Vikebladet Vestposten torsdag morgon at nattas nysnø skapar særs vanskelege køyreforhold.

I tillegg er det observert to utforkøyringar - begge i Ulstein.

Den eine bilen ligg i grøfta i nærleiken av toppen av Hareidseidet, medan den andre ligg i grøfta ved Strandkrysset i Ulsteinvik.

Sunnmøre politidistrikt opplyser at det er snakk om lettare materielle skader på bilane, og ingen personskade.

Køyr varsamt

- Vi har ikkje vore så mykje ute i trafikken med patruljene enno, men etter meldingane som har kome inn skjønar vi at det er glatt. Bilførarar bør ta seg god tid. Og §3 i vegtrafikklova er grei, sidan den fortel at ein skal køyre aktpågjevande og etter forholda, opplyser operasjonssentralen i Ålesund.

Slik såg det ut i Sjøgata i Ulsteinvik torsdag morgon. Politiet oppmodar bilførarar om å vere varsam i trafikken. Foto: Joar Drønnesund