Som ekstraordinært investeringstilskot til bygging av Ulsteinhallen.
Heile anlegget er kostnadsrekna til om lag 95 millionar kroner, og er no fullfinansiert.
Det var Arbeidarpartipolitikar Magne Grimstad som tysdag fekk telefon og mail frå statssekretær Mina Gerhardsen i Kulturdepartementet, om at Dimna IL var innvilga 5 millionar kroner ekstra i investeringstilskot. Og Grimstad var snar til å bringe den glade bodskapen vidare til Olav Hansen, leiar i Dimna IL, og trenar og pådrivar Arve Hatløy.
Stod i fare for å måtte redusere prosjektet
– Viss vi ikkje hadde fått desse fem millionane ekstra, stod vi i fare for å måtte redusere prosjektet vårt, fortel Arve Hatløy.
I utgangspunktet søkte Dimna IL Kulturdepartementet om 10 millionar kroner. Men Friidrettsforbundet innstilte på at summen skulle delast på to prosjekt: Ulsteinhallen og Nes Arena i Akershus.
Dermed måtte Dimna IL ut i sponsormarknaden for å få finansiering på 5 millionar kroner, og dei fekk napp hos Ulstein Group.
Ferdig våren 2014
Ved Høddvoll har grunnarbeidet til nye Ulsteinhallen alt starta, og målet er at hallen skal stå ferdig våren 2014. Rundt påsketider neste år vil gamle Ulsteinhallen bli riven.
Nye Ulsteinhallen blir eit samarbeidsprosjekt mellom Dimna IL, Ulstein kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Ulstein vidaregåande skule skal bruke hallen på dagtid.
Ulsteinhallen vil få seks rundbaner og fasilitetar for alle tekniske øvingar. Der vil bli åtte sprintbaner, sprintstripe på utsida av rundbanen, mobil amfitribune for til dømes turn. Anlegget skal også få eit servicebygg. Både garderobar og overbygget på tribuneanlegget vil kome Hødd til gode.
– Viktig for heile regionen
Kulturdepartementet seier i grunngjevinga si at nye Ulsteinhallen vil bli eit viktig tilskot til anleggssektoren i regionen. Hallen vil bli eit sentralt anlegg for breiddeidretten i regionen, og han vil bli sentral for rekruttering av barn og unge til friidrett, men også til andre idrettar.
– Idretten vil få ein ny vår når hallen opnar. Fleire idrettar kan trene samtidig, til dømes handball og friidrett, forklarer Olav Hansen, som også er leiar i Møre og Romsdal Friidrettsforbund.
Vekkjer merksemd over heile landet
Magne Grimstad meiner det har blitt lagt merke til at Ulsteinhallen vil femne om både fotball, friidrett turn og andre idrettsgreiner, og at han vil bli godt utnytta også på dagtid, av Ulstein vidaregåande skule.
– Vi får spørsmål frå heile landet om Ulsteinhallen. Mange har merka seg den gode brukskombinasjonen, fortel Arve Hatløy.