I føremiddag fekk politiet tips frå publikum om eit vogntog i Ulsteinvik som var for dårleg skodd.

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt, fortel til Vikebladet Vestposten at mannskap frå Ulstein og Hareid lensmannskontor tok ein kontroll av vogntoget, kor det synte seg å stemme at dekka ikkje var eigna for køyring på vinterstid.

- Det vart oppretta ein avtale med sjåfør og bileigar om å leggje på kjettingar, slik at dei kunne køyre til verkstad for å leggje om til forsvarlege dekk, seier Harang.

Han  legg til at det er eit ganske omfattande problem med utanlandske vogntog som kjem inn i landet med manglande eller dårlege dekk. Noko som fort kan skape svært farlege situasjonar.

Sjåføren fekk ikkje bot for dekka, sidan han stod i ro då politiet kom for å gjennføre kontrollen.