Gjennom året har Quality Hotel Ulstein bygd på med ein ny etasje. Torsdag er det offisiell overtaking.
Onsdag tok Vikebladet Vestposten turen innom dørene på hotellet Ulsteinvik i håp om å få sjå litt av den nye etasjen på hotellet. Og hotelldirektør Vivi-Ann Teige tok oss med opp til dei nye suitane og hotellromma som ruvar øvst i hotellbygget.
Synfaring
Teige fortel at dei ikkje er heilt i mål med innreiinga, men at dei no er godt inne i den siste innspurten.
I dag, torsdag, kjem representantar frå hotellkjeda Choise i Oslo for offisiell overtaking av etasjen.
– Vi får besøk av driftssjef Terje Ropstad og prosjektansvarleg Inge Dal frå Choise, fortel Teige.
Den nye etasjen gjer at hotellet no utvidar til 129 rom totalt, der fire av dei er suitar, medan resten er reine hotellrom med ulike standardar.
Forretningshotell
Vivi-Ann Teige fortel at dei er kjempeglad for at dei no kan opne den nye etasjen.
– Vi er i hovudsak eit forretningshotell med ein del trafikk av forretningsreisande. No får vi betre plass til dei som kjem, slik at dei slepp å bu til dømes i Ålesund grunna plassmangel. Samstundes kan vi no utvide tilbodet ved å arrangere kurs og konferansar.
Teige trur på sikt trur at dei vil oppleve trafikkauke.
– Dette vert bra for dei som skal bu her, med betre rom og betre utsikt, avsluttar Teige.