Statens vegvesen opplyser i ei pressemelding om at dei stengjer Sulesund ferjekai måndag 9. november klokka 22.00 for å bytte ferjekaibrua. Kaia skal opne igjen klokka 06.00 neste dag.

Ferja vil gå mellom Hareid og Solavågen denne natta.

Ferjekaibrua ble skadd etter ein påkøyrsel 7. oktober. Skadane er så store at heile brua må skiftast. Arbeidet blir gjort på natt for å vere minst mogleg til hinder for trafikantane.

- Seglingstida mellom Hareid og Solavågen er 45-50 minutt, så dei som planlegg å køyre fylkesveg 61 denne kvelden og natta, må rekne med lengre køyretid enn normalt, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Statens vegvesen.