I 1978 var Marit K. Brandal med «Polarstar» til Newfoundland på selfangst. No har ho skrive boka «Maskinpike på selfangst».

– I første omgang var det ikkje tanken min å gi ut boka. Eg skreiv ho som ei forteljing til dei to borna mine. Men så tenkte eg at kanskje også andre kan ha glede av historia, og at det er viktig for meg å nå ut med bodskapen om at viss det er noko du absolutt vil, så køyr på, fortel Marit K. Brandal, som i dag er busett i Stavanger.

Boka har fått undertittelen «Fordelar, fordomar, fangst og meir». Fordelane handlar nok mykje om at ho er dotter av reiar Peter Karlsen, og dermed hadde litt lettare tilgang til ein tur på selfangst enn kvinner flest. Men Marit støytte på mange fordommar. Ho skulle jobbe i maskinrommet, men hyrekontoret nekta henne å mønstre på som smørjar. Ho fekk vite at jenter var det berre messepiker som kunne hyre på utan formell utdanning. Slik var regelverket. Men skipperen om bord, Johan Holstad, vart forskrekka over regelverket, og slo fast at Marit skulle ha jobben som smørjar. Det enda med at ho fekk tittelen «maskinjente».

I boka kjem det tydeleg fram at Marit har stor respekt for no avdøde skipper Johan Holstad.

– Han var ein fantastisk person. Fagleg svært dyktig, stort sett stillfarande, med mykje humor og omsorg for mannskapet. Han elska å diskutere, men kunne vere svært streng, fortel ho.

Det finst mykje litteratur om selfangst og livet i isen. Marit K. Brandal si vesle bok har ein litt annleis innfallsvinkel enn dei fleste andre. Ho skriv blant anna om då dei kom ut på fangstfeltet og ho tok ein liten kvitunge opp i fanget og klappa han. Då tenkte ho det ville bli vanskeleg for henne å drepe dei med hakapiken. «Dei ser så hjelpelause ut. Eg veit det er jobben vår å fangste dei, og eg har bestemt meg for å ikkje tenke på kor fine dei er», skriv ho.

I år er det 38 år sidan Marit var med Polarstar til Newfoundland, og det er slåande kor eksotisk ei næring, som i generasjonar var svært viktig for framvoksteren i bygdene våre, no har blitt. Trettiåtteår må kunne kallast nær fortid, men barn og unge som veks opp i dag, veit lite om denne næringa. Derfor er boka viktig.

FAKTA OM MARIT KARLSEN BRANDAL:

Frå Brandal, fødd i 1957

dotter til Else og Peter Karlsen

Utdanna geolog og økonom

Har blant anna hatt fleire opphald på Svalbard

er busett i Stavanger. Er gift og har to vaksne barn.

Skal i to år bu i Longyearbyen, der ho skal utføre eit prosjekt for Innovasjon Norge.