- Dette held ikkje. Er vi på kanten til å bryte offentlegheitslova? spurde Truls Håbakk (FrP) då kontrollutvalssaka om anbodsprosessen for sansehage ved Hareid sjukeheim kom opp som referatsak i siste kommunestyremøte.

I følgje Håbakk var det påstand mot påstand i saka, men han hadde i alle fall forstått det slik at ein entreprenør hadde fått skriftleg invitasjon til saka, medan to andre entreprenørar berre hadde fått munnlege invitasjonar.

Men hovudkritikken i saka gjekk på at det ikkje vart ført innkjøpsprotokoll før lenge etter.

- Ikkje nekta innsyn

Rådmann Grytten har skrive ein fyldig kommentar til det kontrollutvalet hadde peikt på som kritikkverdig. I denne kommentaren avviser han blant anna at nokon skal ha vorte nekta innsyn.

– Det hadde berre mangla eit dokument, gjentok Grytten i kommunestyret.

I rådmannen sin kommentar går det fram at han er kjend med at ein av entreprenørane, Graving og Transport AS v/Svein Arne Bigset, hadde kravd innsyn i anbodsprosessen i samband med sansehageprosjektet - og at det tok lenger tid å etablere innsyn enn det som var ønskjeleg.

Men Graving og Transport AS fekk eit førebels svar på innsynskravet sitt og firmaet fekk i ettertid innsyn i det som fanst av dokument i saka, skriv Grytten og konkluderer:

-  Så når det frå kontrollutvalet sitt vedtak blir presentert som eit faktum at vedkomande vart nekta innsyn, så må det påpeikast at dette ikkje stemmer. Sjølv om det kan seiast at det burde ha gått fortare og enklare å få det til, har vi oppfylt lovkrava gjennom førebels svar og seinare innsyn.

Vil sjå framover

Rådmannen har elles sytt for at det vart arrangert møte mellom Hareid kommune og dei to lokale entrepenørane som hadde sett fram kritikk mot kommunen sin praksis.

– Utifrå møtereferatet var det semje om at det viktigaste var å sjå framover, samt å sjå til at tillit og godt samarbeid vert reetablert, skriv Grytten og minner om at sansehage-prosjektet hadde ein verdi som låg innafor ein paragraf i forskrifta der det på visse vilkår var høve til å gjere førespurnader via telefon.

- Men innkjøpsprotokollen vert det viktigaste dokumentet, og her har ein ikkje dokumentert på ein tilfredsstillande måte. Dette er kritikkverdig og beklageleg og tiltak har vorte sett i verk, skriv Grytten.