Nokre hektiske veker før jul samla «De små vil også se» inn 1,5 millionar kroner til utstyr ved avdelinga for fortidlegfødde ved sjukehuset i Ålesund. No har aksjonsgruppa engasjert seg for å hindre at delar av avdelinga vert flytta til Trondheim.

Ei ekspertgruppe har nemleg kome fram til at nyfødtavdelinga ved St. Olavs i Trondheim bør overta behandlinga av born som er fødde før veke 26, av di dei meiner at avdelinga i Ålesund ikkje oppfyller dei krava som vert stilt.

– Men dei som arbeider ved denne avdelinga kan jobben sin. Det har eg erfart sjølv, seier Liv Tone Ulstein Brunstad som opplevde å få tvillingar som vart fødde i veke 24 i svangerskapet. Den eine tvillingen, Elisabeth, døydde, men broren Kristian overlevde og er i dag ein frisk krabat.

Med bakgrunn i dette er det ho no engasjerer seg for at tilbodet ved sjukehuset i Ålesund skal bestå slik det er i dag.

– Dette er ikkje nokon «krig» mot St. Olavs, men kvifor skal dei nyfødde vere nøydde til å sendast heilt opp til Trondheim, så langt frå resten av familien? Kvifor i all verda skal vi forandre noko som fungerer så godt?

Sosiale meda

Gjennom «De små vil også se» har ho og medaksjonist Anette Iren Myklebust Haram frå Ålesund sett for ei stor gjennomslagskraft sosiale media kan ha. Når dei i tillegg lanserer ein eigen musikkvideo vonar dei at bodskapen deira til slutt vil nå fram til politikarar på nasjonalt nivå.

– Fakkeltog og underskriftsaksjonar ser ikkje lenger ut til å ha den store gjennomslagskrafta. Det er berre å sjå kva som skjer rundt Volda sjukehus, seier Liv-Tone

Songen «Why change a winning team» vart publisert på YouTube fredag kveld og responsen har ikkje late vente på deg.

Det er Birgitte Vik Wymer som har skrive songen og som framfører den. Ho har budd i England i 21 år, men flytta tilbake til Ulstein i fjor. I desember deltok ho på støttekonserten til «De små vil også se» og då det vart klart at tilbodet ved sjukehuset i Ålesund stod i fare, utfordra Liv-Tone henne til å lage ein eigen song for å skape blest rundt dette.

– Det er uråd å ikkje verte inspirert av det engasjementet desse damene syner, smiler Birgitte som fortel at teksta kom til henne veldig lett.

– Det er elles ein draum for ein låtskrivar å få skape noko som verkeleg kan få bety noko, seier ho.

Seks veker

Ho fekk seks veker på å gjere songen ferdig. I England har ho to musikarvener som ho har samarbeidd med. Songen er delvis innspelt i studioet ho har i heimen på Dimnøya, medan resten er miksa og produsert på den andre sida av Nordsjøen.

– Vi har nytta oss av fildelingsverktøyet Dropbox på internett og songen har reist fram og tilbake mellom Dimnøya og England mange gonger før han vart ferdig, forklarer Birgitte. I mellomtida arbeidde Anette med utforminga av sjølve videoen, der ein grunnleggande idé er å syne bilete av born som er fødde ved avdelinga i Ålesund både frå tida like etter fødselen og slik dei er no. Liv-Tone har tatt seg av alle dei praktiske detaljane rundt det heile.

Då konklusjonen til ekspertgruppa vart offentleggjort sist fredag, gjekk det difor ikkje lang tid før musikkvideoen låg ute på nettet.

Birgitte Vik Wymer (t.h.) og musikarvenene hennar har skrive songen "Why change a winning team" som Liv-Tone Ulstein Brunstad, her med sonen Kristian, og resten av støttegruppa "De små vil også se" vonar vil vere med på å setje søkjelys på å oppretthalde avdelinga for fortidlegfødde ved Ålesund sjukehus slik den er i dag.