Tove-Lise Torve, gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet, melder avbod til Hafast-konferansen som skal vere på Quality Hotel Ulstien i morgon. Det grunngir ho med at hotellet er tatt ut i streik i konflikten mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv.

- Eg har stor respekt for spelereglane i arbeidslivet og ønskjer ikkje indirekte å støtte ein av partane ved å delta på eit arrangement ved eit etablissement der dei tilsette er i streik, skriv ho.