(NPK-NTB): Over 57.000 norske barn i 301 kommunar har lese over 62 millionar boksider så langt i sommar, melder Framtida. Samtidig har talet på kommunar som deltar i Sommarles-kampanjen seksdobla seg sidan 2015.

Målet med kampanjen er å stimulere til lesing i ferien, sidan undersøkingar viser at det å halde fram med lesing i sommarferien er uhyre viktig særleg for barneskuleelevar.

Tilbakemeldinga frå barna er «super», ifølgje leiar for prosjektet Pernilla Slotte Hjermann. Barna kan hente premiar på biblioteket, eller få digitale trofear for å lese.

I fjor kom Sommarles i ein nynorsk versjon, mens nytt av i år er at det også finst ein nordsamisk versjon av den digitale lesekampanjen, som blir avslutta 31. august.

– Det er eit stort pluss for dei nordsamiske barna at dei kan lese på sitt eige morsmål, seier Pernilla Slotte Hjermann til nettavisa.