Den årlege strandryddarrapporten viser at 49.000 nordmenn i 2017 rydda 1.374 tonn marint avfall frå over 2.200 kilometer. Det er ny rekord på alle punkt.
Det var nok heller eit trist syn alt det handballspelarane i Hødd handball fann i strandsona frå Osnessanden ut til Roppesanden, men jubelen var stor over alt dei fekk samla saman og tatt vekk frå stranda. Dette var den gode gjerninga handballgruppa til Hødd gjorde ved at dei var med i Tussa sin årvisse konkurranse Krafttaket, som kunne gje verdifulle kroner i klubbkassa.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.