Den 1. desember 2016 vedtok teknisk utval å gje Inge Eidem konsesjon til å drive ein gard på Flø. Men gardbrukar Håvard Roppen klaga på vedtaket, då han trong jorda sjølv for å drive garden sin. Teknisk utval meinte at Roppen ikkje hadde klagerett, men no har saka vore ei runde innom Fylkesmannen, som slår fast at Roppen har klagerett, så no kjem saka på ny opp i teknisk utval i Ulstein.

Og no rår rådmannen utvalet til å trekkje konsesjonen til Eidem, då det har kome fram nye moment i saka. Roppen er heiltidsbonde og driv med kjøt- og mjølkeproduksjon. Men av all dyrka jord han nyttar eig han berre 58 prosent. Han er avhengig av å leige eller kjøpe meir jord, og den bør ikkje liggje for langt unna garden hans. Roppen ønskjer å kjøpe jorda på garden Eidem vil kjøpe til takst, som tilleggsjord til sitt eige bruk.

Sidan sist saka var oppe har den 5-årige avtalen hans om leige av tilleggsjord ein annan stad på Flø blitt trekt, og gjeld berre ut året. Saka skal opp i teknisk utval 5. oktober.