Trålaren er designa av Skipsteknisk AS i Ålesund i nært samarbeid med reiarlaget, og vert den tredje i rekkja til dette reiarlaget, heiter det i ei pressemelding frå verftet og Skiptsteknisk.

Skipet skal utrustast på Larsnes etter at skroget er levert frå Larsnes sitt samarbeidsverft i Polen.

I pressemeldinga heiter det også at båten skal kunne gå med ei fart på 17 knop, og at kjølesystemet og pumpesystem om bord skal sikre effektiv handtering av fangsten.

Båten skal vere ferdig sommaren 2019.