Hareid speler sin første kamp for sesongen søndag, og den går av stabelen i Hareidhallen. Hareid har ny trenar denne sesongen, tidlegare Hødd-trenar Stasys Galdikas.

– Eg ser fram til å leie Hareid. Eg trengde ein pause etter tida mi i Hødd, men kjende eg sakna handballen. No gler eg meg til kampen mot Rival på søndag, og lovar godt trykk frå damene, seier Galdikas til Vikebladet Vestposten.