Denne sommaren har Kiyaga Eddie, Kisstu Nelson og Kizito Livingstone fått seg opphaldsløyve i Norge. Dei køyrer rundt på scooter og besøker husstandar på Søre Sunnmøre for å selje bøker.

Kiyaga, Kisstu og Kizito er alle studentar frå Uganda, der det er dyrt å studere. 40 % av fortenesta av boksalet går til å finansiere studiane. Bøkene dei sel er på norsk , om mange forskjellige team - og er frå Norsk bokforlag.

Kiyaga og Kisstu stakk innom Vikebladet Vestposten tysdag ettermiddag. Dei ønskjer å takke alle som støttar dei. Nokre er veldige positive, seier dei. Medan andre er meir skeptiske. Men ved å gå ut i lokalavisa vil dei vise at dei har ærlege hensikter.

– For oss er ikkje dette berre bøker, men å redde liv, seier Kiyaga og Kisstu, som begge studerer medisin.