I påska var det ein bil som vart totalskadd etter øvingskøyring område Gurskøya. I dag, tysdag, gjekk det igjen gale under øvingskøyring, denne gongen i Hjørungavåg i Hareid.

Politiet melder om at i ettermiddag var det ei kvinne i 30-åra som øvingskøyrde med ein mann i byrjinga av 60-åra på fylkesvegen mellom Hareid og Hjørungavåg. Kvinna svingte av til parkeringsplassen litt for seint og køyrde bilen i autovernet i staden. Både bilen og autovernet vart skadd, men heldigvis kom ingen av personane til skade.

Kvinna som køyrde bilen er heimehøyrande i Ulsteinvik.

Politiet opprettar sak på tilfellet.