Under gudstenesta i Vang kyrkje i Hedmark den første søndagen i mars vart Irmelin Grimstad Bonden (47) frå Hareid innsett som ny sokneprest. Ho har vore kapellan i Hamar bispedøme sidan 2001 - med base på Elverum - og har sidan 2009 vore rådgjevar ved bispekontoret.

Ho vart uteksaminert som prest ved Det Teologiske Menighetsfakultetet i 1996.

Ho er dotter til Arne G. og Astrid Grimstad.