Lillian Breivik, marnadssjef SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

300 lag og organisasjonar frå både Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda, Ørsta har søkt om gåvemidlar, og alle som har søkt, får midlar.

- Vi gir litt til alle som har søkt, og ønskjer å gi i breidda .Det er kjekt å sjå all aktivitet vår i regionen. Vi gir til alt frå kor, turn, skulekorps, grendalag, speidar, fotball og håndball, med meir fortel Lillian Breivik, marknadssjef SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Kravet for å få tildelt midlar er at laget eller organisasjonen skal ha ope medlemsskap, og barne- og ungdomsarbeid vert prioritert.

- Vi ønskjer å gje noko tilbake til lokalsamfunnet, og difor er vi med og gir til eit breidt lag av organisasjonar og lag, seier Breivik.

I tillegg til desse gåvemidlane, gir banken også større beløp til prosjektmidlar, talentstipend og sponsorat. Totalt rundt 10 millionar kroner i året tilbake til lokalsamfunnet.