- Men målet i første omgang er å samle endå fleire underskrifter. – Vi var 34 støttemedlemar før dette møtet. No er vi mange fleire – og fleire vil det bli, sa Klungsøyr, som ikkje la skjul på at støttegruppa sitt endelege mål er å få kommunestyret til å sjå på saka med tanke på å få til ei frivillig tilbakeføring av grunnrettane i Indredalselva til slik dei var i 1917. – Får vi ikkje fleirtalet av politikarane med oss på dette, må vi arbeide for å få saka oppatt i ein eller annan rett, la han til. Jens Peder Brandal var møteleiar. Møtet opna med ein saksgjennomgang v/ John Stennes før Johs. Klungsøyr kom med ein appell. Vidare hadde Inge Grimstad, Harry Fjelle, Karl Johan Grimstad, Irene Follestad Rise og Lina, Dag (kommentar) og Margaret Hennum ordet frå podiet. Det vart også stilt spørsmål, og kome med kommentarar, frå salen. Vi kjem tilbake med nærare referat i laurdagsavisa.
Nyhende →
Støttegruppa for Hennum vil ha kommunestyret i tale
Over 50 personar møtte på Brandal bedehus onsdag kveld for å få vite meir om ”Hennum-saka”. Etter ein vel to timars sekvens – med ei avsluttande innsamling av underskrifter til eit støtteopprop, sa Johs. Klungsøyr i støttegruppa at ein sikta mot å få kommunestyret til å sjå på saka.