Av borna som vart fødde på sjukehuset i Volda, kjem 99 av dei frå Volda, 79 frå Ulstein, 25 frå Hareid, 60 frå Herøy, 133 frå Ørsta, 13 frå Sande, 18 frå Vanylven og 17 frå diverse andre kommunar i landet. – Vi har merka at det har kome ein del fleire frå Hareid og Ulstein. Det var vanleg at fleire frå desse kommunane reiste til Ålesund, seier avdelingsjordmor Haldis nilsen til møre-Nytt. Ho trur at auken kanskje har litt med Eiksund-sambandet å gjere. Gjennomsnittsalderen på dei førstegongsfødande har også gått opp dei seinare åra. Nilsen trur at dette kan skuldast at fleire vil satse meir på utdanning å verte meir etablerte før dei får born. Møre-Nytt skriv også at dei som får born på sjukehusa i Volda og Ålesund etter 1. Januar, er no underlagt fleire rutinar. Liggjetida på sjukehusa, for både førstegongsfødande og dei som har fleire fødslar bak seg, blir korta ned. Og dette førar med seg at besteforeldre ikkje lenger har lov å besøke dei nyfødde på sjukehuset. Besøkrestriksjonane forklarar avdelingsjordmor Nilsen med at liggjetida er kortare og at mødrene treng tid saman med borna sine.