Ideen har vore diskutert både seint og tidleg blant dei som tidlegare har vore konkurrentar på tannlegefeltet i Herøy. 4. januar vart tanken endeleg ein realitet, då fire tannlegepraksisar vart til ein, under namnet Herøy Tannlegesenter AS. Dei er lokaliserte i Herøysenteret på Eggesbønes. Klinikken er stor og moderne, og sjølv om ein del detaljar står att før klinikken ser heilt ferdig ut, så strøymer det på med tannpasientar. Dei fire tannlegane som driv klinikken er Idunn Berntine Dyrhaug, Gunnar Ryan, Helge Runde og Bjørn Vegard Skoge. Saman med seg har dei sju tannhelsesekretærar i ulike deltidsstillingar. Behandlar mange utanfrå Idunn Berntine Dyrhaug har ikkje noko sikre tal, men trur at 10–12 prosent av pasientane dei behandlar, kjem frå andre kommunar på Søre Sunnmøre enn Herøy. Mange kjem blant anna ifrå Sande, der tannlegetilbodet er ikkje-eksisterande. Det kjem også ein del frå Ulstein og Hareid, og folk ifrå Ørsta og Volda. – Dei fleste som kjem frå andre kommunar og nyttar oss her i Herøy, har vel arbeidsstaden sin her, og kjem til oss fordi det er mest praktisk. Så er det også nokon som er så vande med den bestemte tannlegen, at sjølv om dei flyttar til Volda, så kjem dei til Herøy for å gå til tannlege, smiler Dyrhaug. Ikkje lang ventetid Dei fire tannlegane lovar at det ikkje er lang ventetid hos dei, og når det hastar vil nokon av dei alltid finne tid til å hjelpe. Det er slik eit samarbeid skal vere. – Slik det har vorte, er det stadig fleire tannlegar som vil samarbeide om ein felles praksis. Tidlegare var det meir status å drive praksis åleine. Den nye tanken som ligg bak er å kunne dele erfaringar og kunnskap oss kollegaene imellom, og også tilby eit betre tilbod til dei som treng tannbehandling. No slepp ein å ta telefonar til mange ulike tannlegar på leit etter ein som har ledig time. No held det med ein telefonsamtale, smiler Dyrhaug. – Vi har vore igjennom ein modningsprosess, og det er veldig kjekt å ha fleire arbeidskollegaer saman med seg, understrekar Helge Runde. Håpar på fleire Det er ifølgje dei fire samarbeidspartnarane stor mangel på tannlegar i Noreg. Spesielt utanfor byane. – Dette er i samanheng med dårleg rekruttering, og det er svært få frå vår region som utdannar seg til tannlegar. Det kan gå mange år imellom at det er sunnmøringar frå vårt distrikt som vert ferdigutdanna, seier Runde. Han håpar fleire skal få opp auga for yrket, og vil gjerne ha fleire tannlegar i regionen slik at tilbodet til folket kan verte enda betre.
Nyhende →
Nystarta privat tannlegesamarbeid
Ved Herøy Tannlegesenter har dei private tannlegane i kommunen samla seg i ein felles praksis.