Niklas Vindel kjend frå fjernsynsprogrammet “Paradise Hotel” på TV3 kjem fredag 21. mai til Ulstein og Hareid. Foto: TV3

Paradise-Niklas frå Drammen arbeider til dagleg som dagleg leiar i klesbutikken Carlings. Når han kjem til Ulsteinvik fredag 21. mai, vil han både presentere sine favorittdufter, gi personlege shoppingråd, og verte styla for fotoshoot på kjøpesenteret Blåhuset i Ulsteinvik. Der vert det også muleg å få autografen hans.

På førehand kan dei som vil, levere inn ønskje om å vinne speed-date med kjekkasen. Dette kan ein gjere på utvalde butikkar på kjøpesenteret.

For å verte trekt ut, må ein vere til stades på Hareid Hotel seinare på kvelden. Der vert det arrangert diskoparty med 18-års aldersgrense. Ti heldige vinnarar får speed-date Niklas som har vorte rikskjendis etter å ha delteke i TV3-programmet “Paradise Hotel”.

I den mykje omtala realityserien skal ei gruppe single menneske bu på eit luksushotell for å konkurrere om å vere der lengst muleg. Føresetnaden for å vere med vidare er at ein greier å finne seg ein partnar av det motsette kjønn. Står ein utan partnar når den såkalla “parseremonien” står for tur, så ber det rett ut. Gjennom heile serien skjer det overraskingar, nye andlet kjem inn på hotellet og konfliktar oppstår. Det er opp til kvar enkelt kor langt ein er villig til å gå for å verte verande.