Melshorn har lege ved Fiskerstrand Verft sidan 5. februar. Men problem med ringnotsnurparen "Eros" gjer at ferja enno ikkje har fått plass i dokka. Og før ho har vore i dokk kan ikkje Skipskontorollen få vurdert kor mykje av huda under ferja som må skiftast ut. Problema med Melshorn starta då ferja rende seg ytre molo på Hareid i september i fjor. Det første som avdekte seg då var at thurstaren var skadd, og etter ein del venting på deler frå Finland klarte Rolls-Royce å installere ein ny. Men sidan då har ferja skaffa dei reisande og reiarlaget Hurtigruten Group mykje plunder. Reiarlaget har ikkje klart å skaffe ferjer som tilfredsstiller den store trafikken i sambandet, og i periodar har der gått berre ei ferje. No går 60-bilars ferja Røsund, som ikkje klarer å ta alle bilane i køen, og som heller ikkje klarer overfarten på dei 25 minutt som rutetabellen tilseier. Mange er frustrerte, og håpet har vore stort om at Melshorn skulle setjast inn att i sambandet 19. februar. Men dette skjer altså ikkje. Då Vikebladet Vestposten fredag prøvde å få ein uttale frå leiinga i Hurtigruten Group var der ingen som kunne uttale seg. I sentralbordet fekk lokalavisa beskjed om at alle med uttalerett hadde ferie fredag. Det var derfor skipper Ottar Vattøy på Melshorn som måtte bere fram det nedslåande nyhendet: Ferja er ikkje i drift att før om ei - eller mest truleg to veker. Fordi Melshorn enno ikkje har kome i dokk, har reparasjonsarbeidet altså ikkje starta, og dei veit heller ikkje omfanget av skadane. Ein periode etter kollisjonen med moloen segla Melshorn på dispensasjon frå Skipskontrollen. Dette fordi ferja hadde fått sprekker i skroget, men nokon dispensasjon er ikkje aktuelt å gje henne no. Dermed er det Vardehorn - og vesle Røsund som skal kave seg fram over fjorden endå nokre veker.