I fjor godkjende Ulstein kommune reguleringsplan for "Sjøsida" i Ulsteinvik. Planen omfattar sjøsida frå Geileneset og heilt til Skjervøytomta på Saunes. Lokale investorar har gått saman i Ulsteinvik Utvikling og vil byggje ut området for over ein halv milliard kroner. Men Kystverket Midt-Noreg har sett ned foten. Dei meiner planane bryt med fiskeriinteressene og har levert motsegn. At dei lokale fiskarane aksepterer planane ser ikkje ut til å hjelpe. Meklingane mellom Kystverket og Ulstein kommune har ikkje ført fram. No skal Fiskeri- og kystdepartementet gjere ei innstilling, så er det Miljøverndepartementet som skal ta den endelege avgjerda.

Synfaringa

For å skaffe seg best mogleg informasjon om saka var Miljøverndepartementet på møte med Ulstein kommune, etterfølgt av ei synfaring i området. Med seg hadde dei representantar frå Kystverket Midt-Noreg, Fiskeridirektoratet og Fiskeri- og kystdepartementet. Følgjet hadde først eit møte med Ulstein kommune for å høyre om planane. På slutten av møtet fekk lokale interessentar sleppe til med orientering. Så bar det ut i tett snødrev for å sjå på hamna. Flokken stoppa opp fleire stader. Først på nedsida av Sjøgata der det er fylt ut med masse frå Eiksundtunnelen. Så gjekk flokken til andre sida av hamna, og stoppa på fiskerikaia. Før dei til slutt gjekk til Skjervøytomta. På spørsmål frå Vikebladet Vestposten om dei hadde skifta meining i denne saka, etter møtet og synfaringa, svarte Harald Tronstad frå Kystverket og Sverre Roald frå Fiskeridirektoratet eit blankt nei. Inger-Lise Sogstad frå Fiskeri- og kystdepartementet svarte at ho var der for å samle inntrykk. No skulle ho heim å tenkje seg om. Så skal departementet utarbeide ei innstilling til dei planane som ligg føre og sende saka vidare til Miljøverndepartementet.

Forheld seg til kommunen

Såleis er det miljøvernminister Helen Bjørnøy som skal ta endeleg avgjerd i denne saka. Den avgjerda er endeleg. Det er mogleg å gå til sak mot staten, men det er det ikkje så ofte at skjer. Miljøvernministeren kom ikkje sjølv til Ulsteinvik, men sende rådgjevar Peer Sommer-Erichsen i staden. Korkje han eller Sogstad ville ut med nokon dato for når avgjerda er klar. Dei kunne ikkje seie anna enn at dette vil ta nokre månader, og at dei ikkje vil somle. Kor viktig var det for deg å høyre kva dei lokale interessentane meinte i denne saka? For å vere litt firkanta så er det kommunen me forheld oss til når den lokale prosessen er avslutta. Det er kommunen som representerer partane lokalt. Det er positivt med engasjement, men det er ikkje tungtvegande faktorar for avgjerda vår, svarer Sommer-Erichsen. Han synest det er flott med lokale krefter som ønskjer å få til noko, men det er ikkje alltid det ein ønskjer å gjere er i tråd med kva ein kan gjere. Når Kystverket Midt-Noreg har reist ei motsegn, må Miljøverndepartementet vurdere motsegna. Jobben deira er å sjå utbygginga i Ulsteinvik i ein større samanheng. Departementet skal balansere dei lokale interessene opp mot dei regionale og nasjonale interessene.

Optimistisk

Ordførar Hannelore Måseide verka optimistisk etter møtet og synfaringa. No håpar ho på rask saksgang.

I tett snødrev fekk departementsfolka orientering om planane for Sjøsida.
Peer Sommer-Erichsen frå Miljøverndepartementet i samtale med rådmann Hans Jakob Sandanger.