Turngruppa i Hareid IL, her representert ved nisseturnarane, fekk eit godt resultat under Telenor og idrettsforbundet sin store mobiltelefon-innsamlingsaksjon. Foto: Ingvild Myklebust

Blindheim IL i Ålesund vart ein klar innsamlingsvinnar med 3336 telefonar. På 2.-plass kom Volda Handballklubb med 1256, deretter Dahle IL i Kristiansund med 652, Sportsklubben Rollon i Ålesund med 617 før Hareid Turn kom på 5.-plass.

Vidare på Møre og Romsdal 10 på topp kom:

6. Haramsøy/Nordøy Fotballklubb 518.

7. Bergsøy Handball 513.

8. Bæverfjord IL 496.

9. FK Sykkylven 490.

10. Tingvoll Volleyball 480.

I alt 21 idrettslag i Møre og Romsdal deltok i aksjonen, som gav klubbane i fylket ei samla inntekt på 403.700 kroner.

Før denne siste innsamlingsaksjonen vart det her i landet samla inn årleg ca 35.000 mobiltelefonar. Innsamlingsaksjonen i 2011 gav eit resultat på 172.000 telefonar.

Men stadig går mobiltelefonar ut av bruk, så Telenor meiner det er grunnlag for ei ny runde i 2012 og har dermed lyst ut ein ny aksjon med søknadsfrist 17. januar. Deltakarklubbane får 35,- kroner pr. innsamla telefon .

Over 90 prosent av gamle mobiltelefonar kan nyttast i ny produksjon.

Telenor har ein returpartner i Storbritannia som sorterer og resirkulerer telefonane. Nokre av dei blir brukte i ny produksjon, medan andre blir reparerte og klargjorde for gjenbruk i nye marknader.